Nyklassisismen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyklassisisme, neoklassisisme eller nyantikk, er ei stilretning innanfor kunst, arkitektur og kunsthandverk i Europa og Amerika. Retninga tok utgangspunkt i kunsten i gresk og romersk antikk, og var framherskande ca 1750-1850.
Retninga bygde på skriftene til den tyske arkeologen J.J. Winckelmann og funna ved utgravingane i Herculaneum og Pompeii.
Biletkunsten i nyklassisismen hadde ofte drag frå den samtidige romantikken òg. Representantar for denne var den franske målaren J.L. David (som var lærar for mellom andre C.W. Eckersberg) og den italienske bilethoggaren Antonio Canova. I Danmark vart stilen utvikla av målaren Nicolai Abildgaard og bilethoggarane Johs. Wiedewelt og Bertel Torvaldsen.
Arkitekturen var inspirert av både antikken og renessansen, særleg bygningane til Andrea Palladio. Mellom representantane var A.C. Gabriel, C.N. Ledoux, Robert og James Adam, K.F. Schinkel og Leo von Klenze. I Danmark var mellom andre C.F. Harsdorff og C. F. Hansen med sine enkle bygningar med få dekorative detaljar framståande figurar.
Først på 1900-talet sette endå ei nyklassisistisk bølgje preg på arkitekturen. Sentrale verk i Danmark innanfor dette straumdraget er Faaborg Museum frå 1915 av Carl Petersen og Politigården i København (1918-1923) av Hack Kampmann og Aage Rafn.
Den tidlege nyklassisismen innanfor både arkitektur og kunsthandverk blir ofte kalla Louis-Seize-stilen. Denne vart så vidareutvikla til directoire-stil og sidan empire-stil. Innanfor musikken brukar dei som regel nemninga neoklassikk. Sjå òg klassisisme.
Kjelde: Dansk wikipedia