Notatblokk-PC
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein notatblokk-PC, kalla «tablet PC» på engelsk, er ein pc der du kan skrive rett på skjermen. Dei er som regel ein intel i386 arkitektur-PC i ymse format. PCen har ein pennbasert inneinheit frå Wacom som dekker skjermflata, tastaturet kan ein enten legge bak skjermen (konverterbar notatblokk-PC), fjerna, eller er ikkje- eksisterande (virtuelt). Desse to siste er fullverdige notatblokk-PCar)
[endre] Microsoft Tablet PC
Microsoft er initiativtakar til notatblokk-PCane, dei har utvikla eit operativsystem Windows XP TabletPC edition som inkluderar skriftgjenkjenning. Det har ikkje vore den suksessen dei opphavleg håpte på, men stoda kan fort endre seg. Tablet PC var det teknologiske termet som var mest søkt på i 2004 på google. Ein norsk versjon på nynorsk eller bokmål er ikkje tilgjengeleg per dags dato.
[endre] Linux Notatblokk-PC
Situasjonen på Linux er litt mørkare, ein kommersiell versjon frå Lycoris er laga, men denne er ikkje særleg utbreidd. Drivarar for wacomskjermar er tilgjengelege, og det største problemet for etterinstallasjon på ein notatblokk PC er gjennkjenning av handskrift (delvis dekka av xstroke).