Norges Samemisjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges Samemisjon er ein organisasjon for kristen misjonsverksemd mellom samar, ofte kalla Samemisjonen. Samemisjonen vart skipa i 1888. Dei som grunnla misjonen blant samane, meinte det var viktig å ta omsyn til samisk språk og kultur. Samemisjonen har i dag hovudsete i Trondheim og driv forkynning, sosialt arbeid og skoleverksemd i den samiske befolkninga i Noreg og Russland. Samemisjonen har vore med å bygd 6 fjellkyrkjer i Finnmark, 4 leirstader og fleire bedehus i den nordlege landsdelen. Organisasjonen driv Øytun folkehøgskole i samarbeid med andre organisasjonar. Samisjonen driv ein to-språkleg nærradio i Finnmark, og har hatt arbeid med samane på Kolahalvøya sidan 1995. Samemisjonen har om lag 300 foreiningar, organisert i 7 krinsar og ei fellesforeining. I alt har organisasjonen om lag 40 tilsette, av desse er det vel 10 forkynnarar. Bladet Samenes Venn vert utgjeve av Samemisjonen, med eit opplag på 3 000.