Nordre Bergenhus Folkeblad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordre Bergenhus Folkeblad var ei avis som kom ut i Nordfjord. Avisa vart frå 1906 utgjeve i Askvoll i Sogn og Fjordane fylke. Frå 1909 vart avisa utgjeve i Florø. Avisa var ei Venstre-avis, som vart redigert på landsmål (nynorsk). Frå 1919 heitte avisa Firda Folkeblad.
Namnet Nordre Bergenhus kom av det namnet på noverande Sogn og Fjordane fylke, Nordre Bergenhus amt. Nemninga amt vart nytta i staden for fylke.