Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nome er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord til Sauherad og Bø, i aust og sør til Skien, og i sør og vest til Drangedal. Høgaste punkt er Steinmyrkollene, 670 moh.
Kommunen ligg på vestsida av Norsjø og Telemarkskanalen. Tettstadane er Ulefoss og Lunde. Ulefoss er ein av dei eldste industristadane i landet med sagbruk frå 1500-talet og gruvedrift frå 1600-talet. Ulefoss Jernverk som framleis er i drift vart grunnlagt i 1657. Den gamle adelsfamilien Cappelen held til på Ulefoss.
[endre] På verdsveven