Musikaren Jonas Fjeld
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Fjeld (fødd 24. september 1952), eigentleg Terje Lillegård Jensen, er ein norsk songar, låtskrivar og gitarist. Fjeld, som har teke artistnamnet sitt etter Øvre Richter Frich sin romanfigur, byrja musikkarriera si i tøysebandet Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band (der òg Herodes Falsk var medlem), seinare omdøypt til Jonas Fjeld Band då gutane (minus Falsk) bestemte seg for å bli seriøse musikarar. Musikken til Jonas Fjeld Band er bluesprega countryrock, med til dels heftige gitarriff.
Eit anna av Fjeld sine musikkprosjekt er Danko Fjeld Andersen, som var eit samarbeid mellom Fjeld og dei amerikanske musikarane Eric Andersen og Rick Danko – sistnemnde kjent frå The Band.
Eit tredje prosjekt er To Rustne Herrer, som består av Jonas Fjeld og Ole Paus. Fjeld har brukt fleire tekstar skrivne av Paus, men på den siste plata si, Mårrakvist, har han òg teke med stoff frå Lars Saabye Christensen, Jo Nesbø og Klaus Hagerup.
[endre] Diskografi
Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band
Jonas Fjeld Band
- Tennesseee Tapes (1977)
- Back in the USA (1978)
- Make up (1979)
- Neck n' Neck (1984)
- Time and Motion (1985)
Jonas Fjeld (soloalbum)
- Take Two Asprins and Call Me in the Morning (1975)
- Living for the Weekend (1983)
- Svært Nok For Meg (1990)
- Texas Jensen (1992)
- Beste (samleplate) (1999)
- Voice on the Water (2000)
- Tidevann (2001)
- Mårrakvist (2006)
Danko Fjeld Andersen
To Rustne Herrer
[endre] Bakgrunnsstoff
- «Morgenkaffe med Jonas» — Intervju med Fjeld i Bergens Tidende 25. feb. 2006