Musefamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musefamilien (Muridae) er ein familie av små pattedyr. Det er ca. 390 artar fordelt på dei 77 slektene i familien.
Familien er utbreidd i Afrika, Eurasia, Japan, Australia, Tasmania og Mikronesia. I tillegg har menneske spreidd han til Amerika.
Dyra varierer i storleik frå 5-48 cm og 5-1500 g. Dei har lang, oftast naken, hale kledd med skjel. Augene, øyrene og bakføtene er forholdsvis store. Dei er aktive heile året. Dyra er altetarar, men lever for det meste av frø og frukter.
I Noreg har me artane:
- Husmus Mus musculus
- Brunrotte Rattus norvegicus
- Svartrotte Rattus rattus
- Stor skogmus Apodemus flavicollis
- Lita skogmus Apodemus sylvaticus
[endre] Bakgrunnsstoff
- Arne Semb-Johansen:Norges dyr:Pattedyrene,Cappelen 1990
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |