Molekyl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit molekyl er ei kjemisk sambinding der atoma er bundne saman med elektronparbinding (kovalent binding). Ofte er berre nokre få atom bunde saman. Døme på dette er oksygengass (O2) og vatn (H2O), men det finst òg store molekyl som DNA-molekylet. Fleire små molekyl kan vera bundne saman i ein serie, og molekylet vert da kalla ein polymer.
Bindingane i molekyl har retning. Bindingslengder og -vinklar er avhengige av kva atom som er bundne saman. Dette er med på å gje molekylet ein viss struktur. I store molekyl kan det òg vera hydrogenbindingar mellom ulike delar av molekylet.