Mellomnorsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perioden i norsk språkhistorie mellom norrønt og moderne norsk vert kalla mellomnorsk. Den byrjar rundt Svartedauden, då det gammalnorske målet hadde teke til å endre seg ganske kraftig frå den klassiske norrøne grammatikken. Ofte reknar me at den moderne norske perioden byrjar rundt reformasjonen eller rundt år 1600. Språket etter 1600 er stort sett forståeleg for nordmenn i dag, medan mellomnorsk gjerne inneheld for mange gamle ord og uttrykk, pluss at grammatikken byggjer på ein del prinsipp som ikkje lenger er i bruk i norsk. Til dømes var det i den mellomnorske perioden at kasusa stort sett forsvann frå det norske språket, likeins tal- og personbøying av verb.