Mary Todd Lincoln
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Ann Todd Lincoln (13. desember 1818–16. juli 1882) var førstedame i USA medan mannen Abraham Lincoln var president, frå 1861 til han vart skoten i 1865.
Mary Lincoln var fødd i Lexington i Kentucky, ein av Sørstatane under den amerikanske borgarkrigen, og blei difor utsett for rykte om at ho spionerte for fienden medan krigen gjekk føre seg.
Presidentkona blei òg skulda for å bruka for mange pengar, mellom anna på å dekorera det kvite huset i Washington. Seinare brukte ho òg mykje av sin eigen formue. Dette, saman med ein underleg oppførsel som truleg skuldest depresjon etter at mannen og to søner var døde, fekk sonen Robert Lincoln til å legga henne inn på eit sinnsjukehus i 1875. Ho slapp ut etter tre månader, men tilgav aldri sonen det ho såg på som eit stort svik.