Magnus Matningsdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Matningsdal (f. 29. september 1951) i Hå kommune, er domar i Norsk Høgsterett. Han vart uteksaminert cand. jur. frå Det juridiske fakultetet i Bergen hausten 1976, vart lic. jur. i 1982 og dr. juris i 1986. Før han vart tilsett i Høgsterett 11. august 1997 var han mellom anna professor ved Universitetet i Bergen, heradsrettsdomar ved Jæren sorenskrivarembete og førstelagmann i Gulating lagmannsrett. Ved fakultetet i Bergen har han hatt fleire verv, og driv med undervising innan strafferett og straffeprosess. Han har òg forfatta fleire bøker om rettsvitskaplege emne, i hovudsak innan strafferett og straffeprosess.