Magnor Midttun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnor Jørgensson Midttun er født i 1932 i Eivindvik. Han er bankmann, lokalhistorikar og Venstre-politikar.
I åra 1968-1990 var han banksjef i Gulen Sparebank. Han var også medlem av kommunestyre og formannskap i åtte år og blei tildelt Kongens fortenestemedalje i 2002.
Som historikar har han arbeidd med lokalhistorie frå Gulen, spesielt nærings- og organisasjonsliv og segner frå vikingtid og mellomalder. Han skreiv også Gulen Sparebank si 100-årshistorie.
Han har også i ei rekkje år vore med som lagmann i Håkonarspelet.