Lothar Matthäus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lothar Herbert Matthäus, òg kalla "Loddar", (fødd 21 mars 1961 i Erlangen i dåverande Vest-Tyskland) er ein tysk fotballspelar.
Lothar Matthäus var lagkaptein og spelemotor i Vest-Tyskland sitt fotballlandslag som vann VM i fotball 1990 i Italia. Matthäus scora fire mål under turneringa og vart same år kåra til verdas beste fotballspelar. Matthäus har spela ytterligare fire VM-turneringar. Han har dessutan rekorden for antalet VM-kampar (25). Han har den tyske rekorden for landskampar med sine 150 A-landskampar.
Lothar Matthäus var under 1980- og 1990-talet ein sentralfigur i det vesttyske og seinare det tyske fotballandslaget og sine klubblag FC Bayern München og FC Internazionale.
Matthäus har hatt ein del kontroversar med lagleiing og lagkamratar, som under ei tid heldt han utanfor landslaget.
[endre] Merittar
- A-landskampar: 150 (23 mål) (1980-2000)
- VM i fotball: 1982, 1986, 1990, 1994, 1998 (delt rekord)
- VM-kampar/mål: 25/6 (1982: 2/0 1986: 7/1 1990: 7/4 1994: 5/1 1998: 4/0)
- VM-medaljar: 1 gull (1990), 2 sølv (1982, 1986)
- EM i fotball: 1980, 1984, 1988, 2000
- EM-kampar/mål: 11/1 (1980: 1/0 1984: 3/0 1988: 4/1 2000: 3/0)
- EM-medaljar: 1 gull (1980)
- Årets europeiske spelar: 1990
- Årets tyske spelar: 1990, 1999
- Tysk meister: 1985, 1986, 1987, 1994, 1997, 1999, 2000
- DFB-pokal: 1986, 1998, 2000
- Italiensk meister: 1989
- UEFA-cupmeister: 1991, 1996
[endre] Klubbar
- New York/New Jersey MetroStars (2000)
- FC Bayern München (1992-2000)
- FC Internazionale (1988-1992)
- FC Bayern München (1984-1988)
- Borussia Mönchengladbach (1979-1984)
- FC Herzogenaurach (1970-1979)
[endre] Trenarkarriere
- Forbundskaptein for Ungarn sitt fotballandslag
- Partizan Belgrad
- Rapid Wien