Limnologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Limnologi er studier av innlandsvatn (både saltvatn og ferskvatn), med hovudvekt på innsjøar, tjern og elvar (både naturlege og kunstige). Studiene omfattar kjemiske, biologiske og hydrologiske emne. I tillegg er kvartærgeologi relevant for utforminga av vassvegar og basseng.
Fagfeltet vart etablert av François-Alphonse Forel (1841-1912). Limnologi har tradisjonelt nært slektskap med hydrobiologi.