Lars Jacobsen Hætta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Jacobsen Hætta (1834-1896) var norsk same frå Kautokeino. Han deltok i Kautokeino-opprøret i 1852, og vart i 1854 dømt til livsvarig fengsel, men slapp ut etter 13 år, i 1867. Etter fengselstraffa vart han tilsett som lærar i Kautokeino.
Hætta er framforalt kjend for å ha vore sentral i omsetjinga av Bibelen til nordsamisk i lag med J.A. Friis, eit arbeid som tok til då han satt i fengsel på Akershus, men som heldt fram etter at han slapp ut av fengselet. Den samiske Bibelen kom ut i 1895, og er framleis den einaste komplette bibelutgåva på samisk.