Lars Eskeland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Eskeland (1867–1942) var forfattar og skulemann, fødd på Stord.
Eskeland skreiv lærebøker og fleire biografiar, m.a. om Ole Vig og Ivar Aasen. Han har også skrive teksten til «Vossasongen». Han var styrar av Voss Folkehøgskule i tida 1895–1927 då han måtte gå av etter at han hadde konvertert til katolisismen i 1925. I 1949 vart det avduka ein statue av Lars Eskeland på Voss, laga av bilethoggaren Torleiv Agdestein.
Lars Eskeland var bror til skulemannen Severin Eskeland og onkel til kåsøren og forfattaren Ivar Eskeland.