Diskusjon:Lars Levi Læstadius
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne bolken bør heller finnast i artikkelen læstadianisme.
[endre] Rykte om læstadianarar
Det verserer mange vandrehistorier og rykte om kva læstadianarane «har lov til» og «ikkje har lov til». Nokre er totalt usanne, andre er eller har vore sanne. Eit døme er blomster og gardiner, som læstadianarane «ikkje har lov å ha». Dette konkrete eksempelet kjem frå ei tid da slike ting var å rekne som luksus som gjekk på bekostning av det daglege hushaldet. I dag er gardiner og blomster ei knapt reknande utgift, og dei finst nok i dei fleste læstadianske heimar. Ein ting som stemmer er at læstadianarane svært sjeldan har fjernsyn heime. Årsaken til at mange vel å ikkje ha TV er at de reknar dette mediet som ein kanal for underhaldning som dei ikkje reknar som sunn for tru og samvetet deira. Læstadianarar helsar ofte trusbrødre og nære venner med «Bli i Guds Fred!».