Kristoffer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristoffer er eit mannsnamn nytta mellom anna i Noreg. Namnet er ei form av det greske namnet Khristofóros som tyder «Han som ber Kristus (i hjarta sitt)». På Island var namnet i bruk frå på 1200-talet, medan det i Noreg kom i bruk kring 1500 og var mykje brukt på 1700-talet. Frå 1970-talet tok bruken av namnet seg opp att, då ofte skrive Christoffer eller Christopher. Ein annan variant er Kristopher.
I Noreg har Stoffer vore brukt som kortform av namnet, medan Chris har vore brukt i engelsk. Kvinnenamnet Kristoffa er avleidd av Kristoffer.
Innhaldsliste |
[endre] Den heilage Kristoforos
Den heilage Kristoforos, som skal ha lide martyrdøden i Lykia i Lilleasia kring år 250, er i den katolske kyrkja skytshelgen for dei reisande, bilistar, sjåførar, syklistar, pilotar, skipparar, ferjemenn, sjøfolk, fløtarar, pilegrimar, idrettsutøvarar, gruvearbeidarar, tømmermenn, hattemakarar, fargarar, bokbindarar, skattegravarar, frukthandlarar, gartnarar, lækjarar, gravide kvinner og barn; for gater, bruer og festningar; mot vatn, brann, tørke, uvær og pest; mot augesjukdommar, tannverk og sår; mot ein uventa død og for ein god død. Han er ein av dei 14 naudhjelparane.
[endre] Namnedagar
- Norsk namnedag: 18. desember (tidlegare 25. juli).
- Svensk namnedag: 15. mars.
- Minnedag i den katolske kyrkja: 25. juli, i Tyskland 24. juli, og i Austkyrkja oftast minna 9. juli
[endre] Kjende berarar av namnet
- Kristoffer Nilsen Svartbækken Grindalen – den siste som vart offentleg avretta i fredstid i Noreg (Løten, 1876)
- Kristoffer Joner – skodespelar
- Kristoffer Kruken – namnegranskar
- Kristopher Schau – rockemusikar og radiomann
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kristoffer hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kristopher hjå Statistisk Sentralbyrå
- Meir om Den heilage Kristoforos hjå katolsk.no