Kristian
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian eller Christian er eit populært mannsnamn som tyder kristen. Ein annan variant av dette namnet er Kristen, medan det finst fleire kvinnelege former, som Kristina, Kristiane og Kristin.
Det var ved byrjinga av 2004 14 583 som hadde Kristian og 11 932 som hadde Christian som første førenamn. 1048 heitte Kristen.
[endre] Kjende namneberarar
Under dansketida heitte annankvar konge Christian. Desse har gitt namn til fleire nordiske byar, som Kristiansand og Kristianstad.
- Kristian Birkeland, norsk fysikar
- Christian Brangstrup, dansk skribent og militær
- Christian Sinding, norsk komponist
- Christian Schweigaard Stang, norsk språkforskar
- Christiaan Huygens, nederlandsk matematikar og fysikar