Kongeriket Jerusalem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongeriket Jerusalem var eit kortvarig kongedøme som vart grunnlagt i 1099 då Jerusalem vart hærteke, under fyrste krosstog. Kongeriket vart grunnlagt i området kring Jerusalem i eit område som nokonlunde tilsvarar dagens Israel. Til den fyrste kongen vart valt Godfrei av Boullion, men han ville ikkje bera ei kongekrone, der Jesus hadde bore ei tornekrone, så han tok i staden tittelen Den Heilage Gravs Beskyttar. Då han døydde vart bror hans konge som Baldwin 1., og han vart krona til konge juledag. Til slutt bestod kongeriket berre av nokre få byar på kysten, t.d. Akko eller Akre, då var sjølve Jerusalem gått tapt.
Seinare har fleire fyrstehus gjort krav på tittelen, av di dei ikkje var samde om kven som var nærmaste arving til kongane av Jerusalem. Mellom anna gjer kong Juan Carlos I av Spania krav på tittlen konge av Jerusalem. Det italienske kongehuset Savoyen har gjort krav på tittelen. Det same gjorde dogane av Venedig. I tillegg har det austerrikske fyrstehuset Habsburg gjort det same.