Knut
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut, Knud og Knute er mansnamn av nordisk opphav. Vanlegvis rekner ein med at dei stammar frå norrønt knútr, det same ordet som moderne «knute», elles har det òg vore hevda at det tyder «den kjekke». Namnet har mellom anna vore brukt av kongar i Sverige og Danmark, mellom anna Knut den mektige, som herska over store delar av Nord-Europa.
To kjende helgenar heitte Knut: Danskekongen Knut den heilage, med minnedag 13. januar, og prinsen Knut Lavard, med minnedag 7. januar. Knut har namnedag i Noreg og Danmark den 7. januar og i Sverige den 13.
Namnet har vore jamnt brukt i Noreg nesten heile 1900-talet, med ein topp rundt 1950-åra. Mot slutten av hundreåret gjekk bruken ned, og i 2000 blei det bare gjeve til rundt 0,25 % av nyfødde gutar, mot 2,25 % i 1945. Det er i dag om lag 28 570 som heiter Knut i Noreg (2005) og 9 470 som ber namnet i Sverige (2003).
Innhaldsliste |
[endre] Kjende namneberarar
- Knut den heilage, dansk konge
- Knut den mektige, konge over Danmark, Noreg og England
- Knut I Eriksson, konge av Sverige
- Knut Lavard, prins og helgen
- Knut Andersen (1931–), norsk filmregissør
- Knut Bergsland (1914–1998), norsk språkforskar
- Knut Bergslien (1827–1908), norsk kunstmålar
- Knut Borge, norsk tv-mann
- Knut Ivar Bøe, norsk trekkspelar
- Knut Dahl Jacobsen (1925–1999) norsk statsvitar
- Knut Faldbakken, (1941–), norsk forfattar
- Knut Hamsun (1859–1952), norsk forfattar
- Knut Hauge (1911–1999), norsk forfattar
- Knut Nystedt (1915– ), norsk komponist
- Knut Nærum (1961–) norsk komikar
- Knud Rasmussen (1879–1933), dansk polarutforskar og antropolog
- Knute Rockne (1888–1931), norskamerikansk utøvar og trenar av amerikansk fotball
- Knut Storberget (1964–), norsk politikar, justisminister
- Knut Sverre, (1927–2005) norsk diplomat
- Knut Ødegård, (1945–) norsk forfattar
[endre] Oppdikta personar
- Ingeniør Knut Berg, nynorsk teikneseriefigur
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Knut hjå Statistisk Sentralbyrå
[endre] Kjelder
- «Knut (namn)» på svensk Wikipedia
- «Canute» på engelsk Wikipedia
- Statistisk Sentralbyrå (namnebruk i Noreg)