Diskusjon:Knut Hamsun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
"innbiten motstander av sosialismen"? Ser ein til bokmål-wiki, er Hamsun, med eigne ord jamvel, knytt til anarkistisk tankegods på ei vis. I ein viss forstand er nok utsegna her meiningsfull, men strengt teke er det gale bruk av ordet sosialisme.
- På bokmål skriv dei "innbitt motstander av kommunismen og stalinismen" ser eg. Slik smyg dei seg unna den skakke framstellinga som kombinasjonen småanarkistisk antisosialist gjev, og nemningane kommunisme og stalinisme samhøver vel betre med nemningane på dei røynelege politiske tilhøva og rørslene han var so mot i samtida, kva?
Begge desse to innlegga kjem frå same IP-adressa. Nokon som har ei drøfting med seg sjølv? Politisk sett er det vel ikkje noko i vegen for å vera anarkist utan å vera sosialist? Forenkla: For eigedomsrett, men mot styring og stat. --Ekko 25. juli 2006 kl. 07:06 (UTC)