Kirkenes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirkenes er ein by og administrasjonssenter i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Byen ligg ved Bøkfjorden, om lag ei mil frå grensa til Russland. Han har rundt 3300 innbyggjarar (kjelde: SSB), ein del av dei russiske innflyttarar. Kirkenes fekk bystatus i 1998.
Barentssekretariatet, som har til oppgåve å skapa kulturelle, økonomiske og utdanningsmessige band i Barentsregionen, held til i Kirkenes. Ikkje langt frå byen ligg Garnisonen i Sør-Varanger.
Kirkenes er endepunkt for Europaveg 6, og vendepunkt for Hurtigruta.
[endre] Historie
Kirkenes var ein av dei mest bomba byane under andre verdskrigen, berre Malta skal ha vore hardare ramma. Etter 320 luftåtak og over tusen alarmar stod 13 hus att. Byen vart frigjord av Den raude arméen 25. oktober 1944.