Kinnarodden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinnarodden på Nordkinnhalvøya, 71°08′02″N, er det nordlegaste punktet på det europeiske såvel som det norske fastlandet. Avstanden til det det norske fastlandspunktet som ligg lengst i sør, Lindesnes, er 1752 km.
Odden ligg rundt tre mil frå Gamvik sentrum og kan bare nåast med båt eller til fots. I sterk kontrast til Nordkapp med busslaster av turistar og velutvikla infrastruktur er Kinnarodden ein temmeleg aude stad, sjølv om interessen har auka dei siste åra.