Kildinsamisk ortografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kildinsamisk ortografi har det siste hundreåret vore gjennom ulike faser, frå kyrillisk til alfabet og attende til kyrillisk.
Innhaldsliste |
[endre] Den første kyrilliske perioden
Under tsartida vart det publisert eit par religiøse småskrift på kildinsamisk.
[endre] Den latinske perioden
Etter den russiske revolusjonen var den sovjetiske språkpoltitikken at alle minoritetsspråka i Sovjetunionen skulle få eigne skriftspråk, og at alle skulle lære å lese og skrive og få skoleopplæring på sitt eige språk.
I 1932 drog ei gruppe frå Institut Narodov Severa til Notozero for å studere samisk. Resultatet vart ei ABC-bok basert på kildinsamisk (men med ein del trekk frå notozerosamisk), utgjeve i 1933. Sentral i dette arbeidet var A.G.Endjukovskij (Endjukovskij 1937). Grunnen til at kildindialekten blir lagt til grunn oppgir Endjukovskij til å vera det at dialekten er både sentral reint geografisk og talmessig mykje større enn dei andre dialektane. Med unntak av notozerodialekten (som er ein dialekt av skoltesamisk) er skilnaden koladialektane imellom meir leksikalsk enn eigentleg grammatisk, slik at Endjukovskij konkluderer at det er mogleg å skape eitt samisk skriftspråk. På bakgrunn av arbeid utført på reisa i 1933 publiserte Endjukovskij også skolebøker i lesing og rekning, grammatiske oversikter, eit par barnebøker, og politiske brosjyrar.
[endre] Den første kyrilliske perioden
I 1937 vart det latinske alfabetet bytta ut med det kyrilliske. Endjukovskij publiserte også dei to lærebøkene som kom på kyrillisk i 1937, ei ABC-bok og ei lesebok. Kert 1975:210 skriv at undervisninga i samisk stoppa allereide i 1937, utan at han fortel korfor. Kildinsamisk deler skjebne med dei andre finskugriske minoritetane som grensar til Finland, også karelsk og vepsisk mista dei språklege rettane sine etter andre verdskrigen, og ei mogleg tolking er at Sovjetstaten hadde tryggingspolitiske grunnar til å vere ekstra ivrig med ryssifiseringspolitikken i desse grensestroka.
[endre] Den andre kyrilliske perioden
Undervisninga i kildinsamisk vart teke opp at først på slutten av 1970-talet, i Lovozero. I 1982 kom den første nyare ABC-boka ut, skrive av Aleksandra Andreevna Antonova. Rimma Kurutsj, forfattaren av den største kildinsamiske ordboka, hevdar at grunnen til at undervisninga på samisk skulle startast opp att var at ein hadde komme fram til at samiske barn hadde så mange interferensfeil i russisken sin at deira morsmål ikkje kunne vera russisk, og at ein derfor måtte gå inn for samisk som fag i skolen.
[endre] Litteratur
- Endjukovskij, A.G. 1937: Saamskij (loparskij) jazyk. Jazyki i pis'mennost' narodov severa. tsjast' I. Moskva-Leningrad.
- Kert, Georgij Martynovitsj 1975:Saamskij jazyk. Osnovy finno-ugorskogo jazykoznanija. Pribaltijsko-finskie, saamskij i mordovskie jazyki. pp.203-247. Moskva.
- Utvik, Unni K. 1985: Kolasamene - fra tsarens undersåtter til sovjetiske borgere. Hovedoppgave, Russisk institutt, Universitetet i Bergen.