Karl XIII av Sverige
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regjeringstid, Sverige: | 6. juni 1809-5. februar 1818 (Svensk riksforstandar frå 29. mars 1809) |
Regjeringstid, Noreg: | 4. november 1814-5. februar 1818 |
Kroning, Sverige: | |
Kroning, Noreg: | Ikkje krona |
Valspråk: |
|
Dronning: | Hedvig Elisabet Charlotta av Oldenburg |
Føregjengar, Sverige: | Gustav IV Adolf |
Føregjengar, Noreg: | Christian Frederik |
Etterfylgjar: | Karl III (XIV) Johan |
Fødd: | 7. oktober 1748 |
Fødestad: | Stockholm |
Død: | 5. februar 1818 |
Døydde i: | Stockholm |
Gravstad: | Riddarholmskyrkan, Stockholm |
Karl II, fødd 7. oktober 1748, død 5. februar 1818, konge av Noreg frå 1814 og av Sverige frå 1809 under namnet Karl XIII. Son av Adolf Fredrik av Sverige og Lovisa Ulrika av Preussen, bror til kong Gustav III av Sverige, syskenborn av Katarina II av Russland. Gift 7. juli 1774 med syskenbarnet Hedvig Elisabet Charlotta av Oldenburg.
Born i ekteskapet:
Born med Augusta Fersen:
- Carl Löwenhielm
Adoptivsøner:
- Kristian August av Holstein-Sonderburg-Augustenburg (1768-1810)
- Karl III Johan (1763-1844), konge av Sverige og konge av Noreg frå 1818 til 1844
[endre] Regjeringstid
Etterforskinga av mordet på Gustav III vart i hovudsak avslutta då Karl sitt namn byrja å dukka opp mellom dei samansvorne. Trass i dette er det tvilsamt om Karl XIII tykte det var noko særleg kjekt å vera konge. Mordet på broren Gustav III var ikkje opplyftande for Sverige. Sonen til Gustav, Gustav IV Adolf, si regjeringstid innebar mellom anna tap av Finland og Pommern. Då brorsonen Gustav IV Adolf vart kasta ut av Sverige med brutale metodar, fekk Karl XIII styra i namnet. Han måtte adoptera den unge danske prinsen Kristian August, som døydde av noko som somme påstod var forgifting.
I samband med gravferda gjennom Gamla Stan vart riksmarskalken Axel von Fersen myrda på Riddarhustorget. Han vart skulda for å ha forgifta den danske prinsen. Seinare reiste grev Carl Otto Mörner til Frankrike og utropa den franske feltmarskalken Jean Baptiste Bernadotte til svensk kronprins. Karl XIII skal ha vore tvilande til å gjera ein advokatson frå Pau til adoptivson og kronprins.
Då så Karl XIII overlét styringa til adoptivsonen, kan det vera at han var glad for å sleppa vekk frå styringsansvaret.