Kaperfart
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaperfart er sjørøveri med godkjenning frå myndigheitene driven av private som eit verkemiddel i krigføring til sjøs. Målet for kaperfarten var å ta kontroll over fienden sine handelsskip og føre dei og lasta deira til eiga hamn som prise.
Kaperfarten starta på 1600-tallet. Ein kaper (betegnar både båten og kapteinen ombord) fekk utstedt kaperbrev som legitimerte verksemda og ga dei som dreiv den ei viss rettsleg beskytting. Dei unngjekk å bli straffa som sjørøvarar (dødsstraff) dersom dei vart tekne til fange av fienden. Det finnes derfor mange historiar om norske mannskap som hamna i «prisonen» i England etter mislykka kaparforsøk.
Kaperbåtane var av veldig varierande storleik, frå 2 1⁄2 til 50 lester. Bestykninga kunne variere frå éi til ti kanoner.
I Noreg spelte kaperfarten ei stor rolle under krigen mot England frå 1807 til 1814, spesielt på Sørlandskysten. Ca 70 kaperbåtar vart utrusta bare i Kristiansand. Ein anslår at omkring 450 skip vart kapra og tekne inn til Noreg i krigsåra, 300 av dei vart førte til Kristiansand.
Kaperbrev og -fart vart forbudt i fylgje Pariskonvensjonen av 1856.
Kategoriar: Marine | Krig