Kabelvåg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabelvåg er ein tettstad i Vågan kommune i Lofoten med rundt 2 000 innbyggjarar, og er det eldste fiskeværet i Lofoten.
Kabelvåg har både grunnskole og vidaregåande skole og ein finn òg skolane Lofoten folkehøgskole og Nordland kunst- og filmskole her.
«Lofotkatedralen», Lofotakvariet, Galleri Espolin og Lofotmuseet er kjente turistattraksjonar. Rett vest for staden, i Storvågan, finst arkeologiske funn etter middelalderbyen Vágar i Hålogaland. Få kilometer lenger vest ligg fjellet Vågakallen, eit motiv i mange målarstykke frå Lofoten og med ei populær rute for fjellklatrarar.