Juan Perón
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juan Domingo Perón, (8. oktober 1895–1. juli 1974) f. i Lobos i provinsen Buenos Aires, Argentina, d i Buenos Aires i Argentina, var ein argentinsk oberst og president i Argentina 1946–1955 og 1973–1974.
Juan Perón deltok i militærkuppet i 1943 der han vart arbeidsminister. Han vart poulær hos arbeidarklassen, og i 1945 forsøkte kollegaane å avsetja han. Etter omfattande protestar og demonstrasjoner, fremst frå arbeidarklassen så vart han verande i regjeringa. I 1946 vart han vald til president. Påverka bl.a. av den italienske fascismen gjennomførde han nasjonaliseringar av industrien og andre reformar noko som gjorde hona svært populær hos arbeidarklassen men hata av mellom- og overklassen. Etter ei forverring av økonomien i landet vart Perón styrta i eit militærkupp i 1955. Han flykta til Spania, der han fortsette å vera ein politikar i bakgrunnen. Han kom attende i 1973 og vart på nytt vald til president, men døydde året etterpå. Motsetningane var store då, sjølv innom hans eiga peronistrørsle.
Gift (i andre ekteskapet) med Eva (Evita) Perón, som døydde i 1952. Hans tredje hustru, Isabel Perón, overtok presidentskapet i 1974, men vart avsett i militærkuppet den 24 mars 1976.
Peron grunnla ein eigen politisk ideologi, peronismen.
[endre] Kjelder
- Svensk wikipedia