Jostedal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jostedal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune.
Kommunen vart oppretta som Jostedal formannskapsdistrikt i 1837. Kommunen omfatta mellom anna dalføret Jostedalen.
1. januar 1963 vart Jostedal kommune som då hadde eit innbyggjartal på 796, slegen saman med Hafslo og Luster kommunar til den nye Luster kommune.