Johann Palisa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Palisa (6. desember 1848—2. mai 1925) var ein astronom som oppdaga heile 122 asteroidar. Han var fødd i Tropau (nov. Opava) i Austerriksk Schlesien (no i Tsjekkia), og busette seg seinare i Wien.
Den første asteroiden oppdaga han i 1874, og namnsette han etter heimlandet sitt. Asteroiden blei heitande 136 Austria. Palisa oppdaga sin siste asteroide, 1073 Gellivara, i 1923. Sidan blei 914 Palisana oppkalla etter astronomen.