Johan Galtung
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Galtung (f. 24. oktober 1930) er ein norsk samfunnsforskar og professor i fred og konfliktløysing.
Galtung er fødd i Oslo og utdanna seg som sosiolog og matematikar. Han peika seg etter kvart ut som ein pioner innan freds- og konfliktforsking, mellom anna ved å grunnleggja fredsforskingsinstituttet PRIO i Oslo, det første av sitt slag i Europa. Han er direktør for det internasjonale TRANSCEND-nettverket for fred og utvikling og grunnleggjar av Transcend-metoden. Han har verka som meklar i over 40 konflikter, som i Sri Lanka, Afghanistan, Nord-Kaukasus og Ecuador.
I 1987 fekk Galtung den såkalla «alternative Nobelprisen».
Galtung gav ut sjølvbiografien Johan uten land. På fredsveien gjennom verden, som han fekk Brageprisen for, i 2000. Han har òg gjeve ut barneboka En flyveappelsin forteller i 2004.