Jethro Tull
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jethro Tull er eit engelsk rockeband som starta opp i Blackpool i England i 1967.
Jethro Tull er kjende for sin måte å blande hardrock, progrock, folkemusikk, pop og blues på, i låtane sine. Dei fleste medlemmene i gruppa hadde jobba med blues før Jethro Tull. Gruppa fekk eit mindre gjenombrot i 1969 med singelhiten «Living in the Past». Etter dei fyrsta, veldig bluespåverka platene, kom Aqualung frå 1971 med ei musikalsk vending, og musikken vart både meir kompleks og det vart færre bluesinslag. Med denne plata fekk dei sitt store gjennombrot. Plata er i dag ein klassikar og var den fyrste av eit flertal plater i liknande stil. Året etter kom albumet Thick as a Brick som berre inneheld ein låt, tittelsporet, som dessutan har ein pause når det er på tide å snu plata. A Passion Play frå 1973 fylgjer same oppskrifta. Mot slutten av 1970-talet gav bandet ut fleire plater som var sterkt påverka av engelsk folkemusikk, særskilt Songs from the Wood frå 1977 og Heavy Horses frå 1978.
Leiaren og frontfiguren i gruppa kan seiast å vere Ian Anderson som med sin karakteristiske måte å spele tverrfløyte på og si særprega stemme kjenneteiknar bandet. Ian Anderson har skrive all musikken og alle tekstane til bandet. I tillegg til å synge og spele fløyte, spelar han òg gitar, saksofon og piano. Elles har Jethro Tull bytt medlemmer mange gonger, men Ian Anderson og gitaristen Martin Barré har vore med heilt sidan byrjinga.
[endre] Diskografi
Album
- This Was (1968)
- Stand Up (1969)
- Benefit (1970)
- Aqualung (1971)
- Thick as a Brick (1972)
- Living in the Past (1972)
- A Passion Play (1973)
- War Child (1974)
- Minstrel in the Gallery (1975)
- Too Old to Rock And Roll, Too Young to Die (1976)
- Songs from the Wood (1977)
- Heavy Horses (1978)
- Live - Bursting Out (1978) (live)
- Stormwatch (1979)
- A (1980)
- Broadsword and the Beast (1982)
- Under Wraps (1984)
- Live at Hammersmith '84 (1990) (live)
- A Classic Case (1985) (orchestral cover album)
- Crest of a Knave (1987)
- Rock Island (1989)
- Catfish Rising (1991)
- A Little Light Music (1992) (live)
- Nightcap (1993)
- Roots to Branches (1995)
- J-Tull Dot Com (1999)
- Living with the Past (2002) (live)
- The Jethro Tull Christmas Album (2003)
Samlingar
- M.U. - The Best of Jethro Tull (1976)
- Repeat - The Best of Jethro Tull - Vol II (1977)
- Original Masters (1985)
- 20 Years of Jethro Tull (1988)
- 25th Anniversary boxed set (1993)
- The Best of Jethro Tull: The Anniversary Collection (1993)