Jærstrendene
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jærstrendene er ei nemning på sandstrendene på Jæren. Ved Orrestranda ligg Friluftshuset, med mellom anna utstillingar og informasjon om Jærstrendene.
Mange kunstmålarar, dei såkalla jærmålarane har lete seg inspirera av naturen på Jæren og ved Jærstrendene. Jærstrendene er elles skildra mellom anna i verka til forfattarane Arne Garborg og Alexander Kielland.
Jærstrendene er kjend for sine sanddyner.
Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand. Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper det seg mot Strandi og krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og Dýn og lange Brak, døyande burt i døyvt Dunder.
|
||
meir | liknande sitat |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |