Holocaustdagen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den internasjonale Holocaustdagen er 27. januar. Dette er til minne om den 27. januar i året 1945, da styrkar frå Den Raude Armeen til Sovjetunionen frigjorde dei omlag 7 000 attverande og overlevande fangane i Auschwitz i det tyskokkuperte Polen.
Auschwitz var den største av dei mange nazistiske tyske konsentrasjonsleirane under den andre verdskrigen. Det var eigentleg eit leir-kompleks, med tre hovudleirar pluss "utekommandoar". I Auschwitz blei mellom 1 og 1,5 millionar menneske drepne, dei fleste jødar, men òg sigøynarar, polakkar, russarar og andre.
Konsentrasjonsleiren Auschwitz er med si industrielt organiserte utrydding av menneske blitt eit symbol på den nazistiske folkemordspolitikken mot det dei såg som mindreverdige menneskerasar.
Yom HaShoah er ein jødisk minnedag som blir halden den 27. nisán.