Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hitra er ein øykommune ytst i Trondheimsfjorden i Sør-Trøndelag fylke. Hitra grensar til øya Frøya (eigen kommune sidan 1877) i nord. Mot aust ligg øyar som hører til Ørland og Agdenes kommunar. Mot vest ligg øya Smøla, som hører til landskapet Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. På fastlandet mot sør ligg kommunane Snillfjord og Hemne i Sør-Trøndelag og Aure i Møre og Romsdal. Sjølve øya er fastlandsnoregs sjuande største og den største sørom Nordland fylke.
[endre] Eksterne lenkjer