Heks
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei heks er ei kvinne som i følgje folketrua driv med trolldom. Den mannlege motparten er ein trollmann.
Hekser har i ulike kulturar sanka urter, gjeve talismanar eller sterke formlar som skulle kunna lega, skada eller endra folk sine kjensler. Dei har vore respekterte, men også frykta, noko som har ført til ei rekkje hekseforfølgingar. Medan mange av dei som er blitt kalla hekser verkeleg har hatt kunnskap om «hekseri», er andre blitt syndebukkar for vonde hendingar, som uår, eller sjukdom og uventa død over folk og fe.
[endre] Hekser i kulturen
Heksetru har inspirert både folkedikting og seinare litteratur. Trollkvinna Baba Yaga går igjen i ei rekke russiske eventyr, medan Roald Dahl og J.K. Rowling har laga kvar sin vri på moderne hekser, den eine med Heksene, den andre med Harry Potter-universet.
Hekseri er òg blitt framheva som noko positivt i den moderne wiccareligionen.
[endre] Peikarar ut
- vindheim.net - Hekser og Gudinner - på nettstaden til Jan Bojer Vindheim.
- uit.no - Lenkjesamling om trolldom, hekser og hekseprosessar av Rune Hagen ved Universitetet i Tromsø.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |