Hegg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hegg (Prunus padus) er eit lauvtre som veks over heile Noreg. Treet er vanleg i Europa og store delar av Asia. Hegg kan bli opp til 15 meter høg, har mørk stamme, langsmale og dropeforma mørkegrøne blad og kvite blomar som seinare blir til bær. Bæra blir svarte når dei er mogne, og har bitter smak.
[endre] Veksestad
Treet veks nær elver, bekkar og vatn. Det trivst i fuktig, næringsrik og basisk gjørme- og leirjord. Hegg veks helst i område med halvskugge. I Sør-Noreg kan det følgja elvedalar opp til 1200 meters høgd.
[endre] Bruk
- Hegg vert nytta som prydbusk i hagar.
- Bæra kan brukast til gelé, saft, vin og likør.
- Treet er brukbart som ved.
- Treverket er sterkt, seigt og fint til dreiearbeider.
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |