Harald Sohlberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Oskar Sohlberg (29. september 1869–19. juni 1935) var ein norsk nyromantisk målar. Han arbeidde med oljemaleri, akvarell, teikning, litografi og radering. Han er ein av dei mest kjende norske målarane, og verka hans finst i privat eige og i galleri over heile verda.
Sohlberg laga ofte mange utgåver av same motivet. Målt mot andre kunstnarar hadde han ein liten produksjon.
Det mest kjende bildet hans er Vinternatt i Rondane, også kalt Vinternatt i fjellene. I tillegg festa han fleire motiv frå Røros til papir og lerret.
[endre] Vinternatt i Rondane
Harald Sohlberg måla Vinternatt i Rondane i fleire utgåver, både som oljemåleri og fargelitografi. Han byrja arbeidet med den fyrste utgåva av Vinternatt i Rondane i 1901, medan det som vert sett som hovudutgåva, det store oljemåleriet som er i Nasjonalgalleriet, ikkje var ferdig før vinteren 1913/1914, etter at det var påbyrja i 1911.
Etter dette arbeidde han vidare med motivet som fargelitografi, og han arbeidde på ei måleriutgåve opp i dei siste åra av livet. Til saman finst det i tillegg til litografia 20 utgåver av biletet, dei fleste i vassfargar eller i blanda teknikk på papir.
[endre] Nokre bilete
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kunstspirer. |