Hans E. Kinck
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Ernst Kinck (11. oktober 1865–13. oktober 1926)var ein norsk forfattar, dramatikar og filolog. Han skreiv romanar, drama og essay, men er mest kjend for novellene sine.
Kinck skreiv om dei innestengde kreftene. Personane i novellene hans lid ofte av tung einsemd og innestengd lengt etter fellesskap med andre.
Tre av novellene hans er filmatisert som Flaggermusvinger (1992). Novella «Den nye kapellanen» gav namn til musikkgruppa Dei nye kapellanane.
Forfattaren var fødd i Øksfjord i Finnmark, der faren var distriktslege, og vaks opp i Setesdal og Hardanger. Kinck døydde i Oslo.
[endre] Utgjevingar
- Huldren, roman, 1892
- Ungt folk, roman, 1893
- Flaggermus-vinger, noveller, 1895
- Sus, roman, 1896
- Fra hav til hei, noveller, 1897
- Hugormen, roman, 1898
- Mellom togene, drama, 1898
- Trækfugle og andre, noveller, 1899
- Fru Anny Porse, roman, 1900
- Vaarnætter, noveller, 1901
- Doktor Gabriel Jahr, roman, 1902
- Naar Kærlighed dør, noveller, 1903
- Italienere, sakprosa, 1904.
- Emigranter, roman, 1905.
- Livsaanderne, noveller, 1906.
- Agilulf den vise, drama, 1906.
- Driftekaren, drama, 1908
- Masker og mennesker, noveller, 1909.
- Den sidste gjest, drama, 1910
- Bryllupet i Genua, drama, 1911
- En penneknegt, essays, 1911
- Paa Ekre'nes gaard, drama, 1913
- Mot karneval, drama, 1915
- Renæssanse-mennesker, sakprosa, 1916
- Kirken brænder, noveller, 1917
- Sneskavlen brast I-III, roman, 1918-19
- Guldalder, noveller, 1920
- Rormanden overbord, sakprosa, 1920
- Lisbettas brødre, drama, 1921
- Mange slags kunst, sakprosa, 1921
- Fra Fonneland til Svabergsveen, noveller, 1922
- Paa Rindalslægret, drama, 1925
- Italien og vi, sakprosa, 1925
- Foraaret i Mikropolis, noveller, 1926
- Mands hjerte, lyrikk, 1927
- Torvet i Cirta, noveller, 1929
- Sagaenes ånd og skikkelser, sakprosa, 1951
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |