Georg I av Hellas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg I (24. desember 1845 – 18. mars 1913) var ein dansk prins som blei konge av Hellas i 1863 og myrda i 1913.
Han var fødd prins Vilhelm i København, andre son av Kristian IX av Danmark og Louise av Hessen-Kassel. Syskna hans var mellom anna Frederik VIII av Danmark, dronning Alexandra av Storbritannia, og tsarina Dagmar av Russland.
Prinsen hadde ein karriere i den danske marinen, men blei 17 år gammal vald til konge av grekarane den 30. mars 1863 etter at Otto var avsett. Han tok kongsnamnet Georgios og lærte seg raskt gresk.
Medan han vitja syster si Dagmar i Russland traff han Olga Konstantinova, som var syskenbarn til tsaren. Dei to gifte seg i 1867, og fekk åtte ungar saman. Georg snakka som regel tysk med Olga, men engelsk med ungane, som hadde engelske barnepassarar.
Sjølv om den nye kongen opphavleg hadde møtt skepsis blant grekarane, blei han etter kvart godt likt, og han styrte Hellas med betre resultat enn kong Otto. Georg styrka gresk herreømde over Thessalia og Epiros, og slo ned eit opprør på Kreta. Han stod for opninga av dei først olympiske leikane, som blei haldne i Aten i 1896
Balkankrigen førte til tap av store landområde for Hellas. Året etter at krigen tok til, blei kongen drepen av greske Aleksander Schinas i Salonika (no Thessaloniki). Sonen Konstantin blei ny gresk konge.
- Konstantin (21. juli 1868-11. januar 1923), konge av Hellas
- Georgios (1. februar 1869-25. november 1957), høgkommisjonær for Kreta
- Alexandra (18. august 1870-12. september 1891), storhertuginne av Russland
- Nikolaos (9. januar 1872-8. februar 1938)
- Maria (20. februar 1876-14. desember 1940), storhertuginne av Russland
- Olga (26. mars 1880-21. oktober 1880), levde bare fem månader
- Andreas (20. januar 1882-3. desember 1944)
- Christophoros (29. juli 1888-21. januar 1940)