Georg II av Storbritannia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg II Augustus (fødd 10. november 1683 på Schloss Herrenhausen, Hannover, død 25. oktober 1760) var konge av Storbritannia og Irland. På engelsk var namnet hans George II Augustus. I tillegg var han hertug av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) og tysk kurfyrste frå 11. juni 1727 til han døydde. Han var den andre britiske monarken av det tyske fyrstehuset Hannover, og den siste britiske monarken som personleg leia sine styrkar i krig.
Han var son av arveprinsen av Braunschweig-Lüneburg, den seinare kong Georg I av Storbritannia, og kona Sophie av Celle. Då faren vart hertug av Braunschweig-Lüneburg vart Georg sjølv arveprins. Georg II gifta seg med prinsesse Caroline av Brandenburg-Ansbach i 1705.
Georg grunnla mellom anna Georg-August-Universität i Göttingen.
Etterfølgjar som konge og fyrste var sonesonen Georg III av Storbritannia.