Galindisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galindisk er eit utdøydd språk, vanlegvis rekna å ha tilhøyrt den baltiske språkfamilien. Galindisk var mykje likt gamalprøyssisk. Det finst ingen skrifter som er tekne vare på av språket.
Den vestbaltiske språkgruppa som galindisk tilhøyrer, døydde ut av di gamalprøyssarane og galindarane vart assimilerte etter den tyske krossriddarinvasjonen av Baltikum. På tilsvarande vis vart sudovarane assimilerte av litauarane. Det sudoviske kongedømet tilsvarte den litauiske delen av Suvalkia.