Froland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0919 |
Fylke: | Aust-Agder |
Administrasjonssenter: | Osedalen/Blakstad |
Flatevidd: | 642 km² |
Folketal: | 4764 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.froland.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Sigmund Pedersen (Sp) 2003-2007 |
Froland er ein kommune i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar i nord mot Åmli, i nordaust mot Vegårshei, i søraust og sør mot Arendal i sørvest mot Birkenes, og i vest mot Evje og Hornnes og Bygland.
Kommunen vart til ved samanslåing av tidlegare Froland og Mykland kommunar i 1967.
Innhaldsliste |
[endre] Historikk
Frolands verk vart grunnlagd som jernverk i 1763 og drive slik fram til 1867. Etter kvart tok skogsdrift og sagbruk over. I dag er hovudbygget frå 1791 freda, og den gamle stallen vert nytta som kultursenter.
[endre] Næringsliv
Energiselskapet Arendals fossekompani, grunnlagd 1896, driv tre kraftstasjonar i Froland og Åmli. Energiselskapet har hovudkontoret sitt på Bøylefoss i Froland.
Nelaug i Froland er fyrste stasjon på Arendalsbanen (tidligere Nelaugbanen), som bind saman Sørlandsbanen og Arendal.
Kommunevåpenet vart godkjend i 1986. Det viser eit sylvfarga ekorn mot ein grøn bakgrunn. Grønfargen symboliserer skog og skogsdrift.
[endre] Kjende personar med tilknytting til Froland
- Niels Henrik Abel, matamatikar. Han døydde på Frolands verk i april 1829 og er gravlagd på Froland kyrkjegard.
[endre] På verdsveven
|