Evje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evje er namnet på ein tettstad i Setesdal og det var tidlegare namnet på ein kommune som no er del av Evje og Hornnes kommune.
Innhaldsliste |
[endre] Tettstaden Evje i Setesdal
|
Evje er ein tettstad som er kommunesenter i Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder fylke. Staden ligg ved elva Otra og Riksveg 42 og Riksveg 9 møtes i Evje.
[endre] Kjende personar frå Evje
- Jørgen Løvland – politikar
[endre] Den tidlegare kommunen Evje
Evje var eigen kommune frå 1. januar 1877 til 31. desember 1959. Frå 1837 danna Evje saman med Vegusdal Evje og Vegusdal formannskapsdistrikt. I 1877 vart området delt i to sjølvstendige kommunar. Evje kommune hadde då 870 innbyggarar.
Evje vart slegen saman med Hornnes 1. jaunar 1960 til Evje og Hornnes kommue. Ved samanslåinga hadde Evje 1 646 innbyggarar. 1. januar 1986 vart området Lislevand (gardsnummer 125) i Birkenes lagt under Evje og Hornnes kommune.
[endre] Kjelder
- Statistisk sentralbyrå: Tettstadar. Folkemengd og areal, etter kommune. 1. januar 2005
- «Evje i Aust-Agder» henta frå Bokmålswikipedia 16. august 2005.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |