Dverghamster
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dverghamster er små gnagarar i hamsterfamilien. Det finnest tre ulike typar dverghamster, russisk, sibirsk og kinesisk dverghamster. Alle liknar på den «vanlege» hamsteren, men er mykje mindre, 10-12 cm for den russiske og den sibirske dverghamsteren og berre 5-6 cm for den kinesiske.
Den russiske og den sibirske varianten av dverghamster kan para seg og få avkom, men det er ikkje tilrådd, då avkommet vil få dårleg helsa. Desse to er vanlegast å ha som kjæledyr, då den kinesiske er svært liten.
Dverghamstrar er kresne, og et for det meste frø og nøtter.