Dufourspitze
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dufourspitze | |
---|---|
Dufourspitze lengst til høgre |
|
Høgd over havet: | 4634 meter |
Ligg i: | Sveits |
Fjellkjede: | Monte Rosa-massivet i Alpane |
Koordinatar: | 45° 56' 12" N, 7° 53' 1" A |
Førstebestiging: | 1855 Charles Hudson, J. Smyth, C. Smyth, o.a. |
Lettaste rute: |
Dufourspitze er det høgaste fjellet i Sveits og det nest høgaste fjellet i Alpane og Vest-Europa. Fjelltoppen er den høgaste i Monte Rosa-massivet, og måler 4634 meter over havet. Frå toppen kan ein sjå Matterhorn. Fjellet ligg på grensa mot Italia og sjølve toppen ligg 160 meter frå grensa.
Fjellet er kalla opp etter den sveitsiske generalen og kartografen Guillaume-Henri Dufour etter at ei topografisk kartleggjing av området blei fullført under hans kommando. Fram til 1863 heit fjellet "Höchste Spitze".
Førstebestigninga skjedde 1. august 1855 av ein ekspedisjon leia av Charles Hudson. Hudson døyde ti år seinare under førstebestigninga av Matterhorn.
Ruta opp austsida som sidan er blitt den vanlege blei først klatra i 1872 av englendarane Richard og William Pendlebury og Charles Taylor, ført av sveitsaren Ferdinand Imseng, austerrikaren Gabriel Spechtenhauser og italienaren Giovanni Oberto.