Dovrebanen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dovrebanen er ei jarnbanestrekning mellom Oslo og Trondheim, og vart opna 17. september 1921. Strekninga blir rekna for å vere av dei mest trafikkerte og lønnsame i NSB sitt rutenett.
[endre] Forhistorie
Bygginga av det som til slutt vart Dovrebanen foregjekk over 70 år. Nokre av merkeåra:
- 1851: Anleggsstart av Norsk Hoved-Jernbane (NHJ) 8. august.
- 1864: Trondhjem-Størenbanen opna 5. august.
- 1880: Eidsvold-Hamarbanen opna 11. oktober.
- 1894: Hamar-Selbanen opna til Tretten 25. september.
- 1896: Hamar-Selbanen opna til Otta 29. oktober. Frå då av vart bana kalla Eidsvold-Ottabanen (EOB).
- 1913: Otta-Dombås opna 5. desember.