DKM «Tirpitz»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DKM «Tirpitz» var eit tysk slagskip. Det var oppkalla etter admiralen Alfred von Tirpitz, og var søsterskip til DKM «Bismarck».
Under den andre verdskrigen blei skipet sendt til Norge som motsvar til dei arktiske konvoiane og kommandoraidet på Vågsøy. Her heldt det til i norske fjordar, men truga konvoiane og basane til dei allierte. Trugsmålet frå Tirpitz bandt fast britiske ressursar, og dei tok avgjerda om å prøva å senka skipet medan det låg til hamn.
Det første forsøket fann stad i september 1943. Det var ein risikabel operasjon, der mini-U-båtar festa eksplosivar til Tirpitz, som blei skada. Etter at skipet var blitt reparert prøvde ein å bomba det frå lufta, men gjorde bare overfladiske skader. Tirpitz blei endeleg senka av bombefly den 12. november 1944, i Håkøybotn vest for Tromsø. Nær tusen tyske marinesoldatar døydde.
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |