Den engelske borgarkrigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den engelske borgarkrigen var ein serie med militære konfliktar mellom det engelske parlamentet og kong Karl I som gjekk føre seg mellom 1642 og 1651 og enda med siger for parlamentet.
Konflikten botna i det eineveldet som Karl og far hans, Jakob I, utøvde. Dette var ifølgje parlamentet eit brot med Magna Carta, det gamle dokumentet som sikra parlamentet sin fridom og rettane deira. Både Karl og Jakob var elles frå huset Stuart, i motsetning til huset Tudor, som opphørte i og med at Elisabeth I døydde barnlaus i 1603.
Det såkalla "korte parlamentet" (13. april - 5. mai 1640) vart oppløyst, da det kravde forlik med skottane som vilkår for løyvingar. Skottane gjorde etter det eit åtak inn i England, og Karl vart tvinga til å kalle inn eit nytt parlament, det såkalla "lange parlamentet", som vart opna 3. november same året.
Dette parlamentet gjekk sterkt i rette med støttespelarane for einevaldspolitikken, og kongen ofra to av dei, som vart avretta. Viss avgrensingar i kongemakta vart vedtatt, men Karl si vakling skunda berre på den kommande borgarkrigen.
Kong Karl heiste krigsflagg i Nottingham 22. august 1642, tok stilling rundt Oxford, og vann til å begynne med mot dei uøvde styrkane til parlamentet. Men etter at dei kongelege troppane leid nederlag ved Marston Moor og Newbury i 1644, vart det tingingar. Desse vart resultatlause, og kong Karl prøvde samtidig med forhandlingane å skaffe seg utanlandsk hjelp.
Parlamenthæren vart reorganisert av Oliver Cromwell, som vann ein avgjerande siger ved Naseby 14. juni 1645. Kong Karl måtte søkje tilflukt hos den skotske hæren ved Newark i 1646. Han intrigerte med dei skotske presbyterianarane, men utan å lykkast, og dei utleverte han til utsendingar frå parlamentet da dei drog heim i januar 1647.
Han vart seinare same året bortført av folk frå hæren som òg hadde komme i konflikt med parlamentet, og prøvde forgjeves å vinne hæren for si sak. Gjennom hemmelege tingingar med skottane framprovoserte han så "den andre borgarkrigen" i mai-august 1648. Leiarane i hæren var no trøtte av intrigane hans, og heldt han i forvaring i ulike slott.
I 1649 vart Karl dømd til døden og avretta. Ein republikk under puritanaren Oliver Cromwell vart etter det oppretta. Republikken varte likevel ikkje lenger enn to år etter Cromwell døydde i 1658. Da vart Karl II innsett som ny konge.
Kjelde: Svensk wikipedia [1]